Dagleg leiar Nils-Roar Hareid ved Runde miljøsenter. Arkivfoto

Dagleg leiar Nils-Roar Hareid ved Runde miljøsenter. Arkivfoto

La inn pott til miljøsenteret – og SV foreslår ein million ekstra

Fylkespolitikarane ville ikkje gå med på alle kutta til forsking og utvikling på 2018-budsjettet.

Regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal vedtok i måndagens møte å legge inn igjen løyvinga til Runde miljøsenter, som var forslått stroke frå neste års budsjett.

Etter eit framlegg frå Ap, SV, Sp og Nordmørslista blei det lagt inn fleire tiltak som var foreslått stroke frå potten til forsking og utvikling.


Fakta
  • Fylkesrådmannen ville fjerne midlar til forsking og utvikling i budsjett for 2018 og økonomiplan fram til 2021.
  • Mafoss (Maritim forening for Søre Sunnmøre) og Maritimt Forum Nordvest reagerte på forslaget og bad politikarane droppe kutta.
  • I 2017 er det løyvd 59 millionar til formålet. I forslaget for dei neste åra låg det inne 45 mill. (2018) 42 mill. (2019) 37 mill. (2020) og 15. mill. (2021).
  • Endeleg vedtak er venta i fylkestinget 12. desember.
Mellom dei som no er tilbake på det fylkeskommunale budsjettet for 2018, er Runde miljøsenter med ei bevilling på 1,5 millionar kroner. Utvalet ønskjer også å løyve pengar til dei andre sentera for fornybar energi - Norsøk (Norsk senter for økologisk landbruk) på Tingvoll og NVES (Nasjonalt Vindenergisenter) på Smøla, i tillegg til forskingsinstituttet Nofima.

Les også: Forslag om store kutt til forsking i fylkeskommunen (for abonnentar)

Utvalet ber også om ei eiga sak der ein ser nærare på behovet desse sentera har for ei føreseieleg støtte frå fylkeskommunen.

Éin million på statsbudsjettet

I tillegg løyver SV sentralt éin million kroner ekstra til Runde milljøsenter over sitt alternative statsbudsjett, ifølgje ei pressemelding frå partiet.

Fylkespolitikar Yvonne Wold (SV). Arkivbilde
            (Foto: Staale Wattø)

Fylkespolitikar Yvonne Wold (SV). ArkivbildeFoto: Staale Wattø

– Om vi ikkje får vedtatt helle budsjettet, håpar eg at vi kan få med delar av det. Og eg oppfattar at det er tverrpolitisk einigheit om at det no er viktig med forsking på havrommet  og næringsutvikling, fortel Yvonne Wold (SV) i utvalet til smp.no.

Ho seier det no er viktig at forslaget frå utvalet kjem heilskinna gjennom den politiske behandlinga til eit endeleg vedtak i fylkestinget 12. desember.

Jobbar tverrfagleg

Partiet påpeiker at det har vorte auka merksemd kring sjøfugl og kystøkologi dei siste åra, og meiner ei årleg bevilling til senteret på to millionar kroner over statsbudsjettet har bidrege til dette.

– Noko av det unike med Runde miljøsenter er at dei samarbeider på tvers av profesjonar, og at dei knyter kontaktar mellom universitet, forskingsinstitusjonar og aktørar innanfor marine og maritime næringar på Nordvestlandet, heiter det i pressemeldinga frå SV.

Forslag om store kutt til forsking i fylkeskommunen:

Runde miljøsenter risikerer å miste millionbeløp

Runde miljøsenter er mellom dei som risikerer å miste millionbeløp neste år. – Heilt ulogisk, meiner maritime bransjeorganisasjonar som ber politikarane droppe forslaget.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Fortuna kunne heve NM-pokalene

– Vi er best i Norge!

– Nå er jeg veldig stolt. Det var en fantastisk lagmoral!

NMK2 åpner onsdag:

– Det finnes ikke maken i hele verden

Alt fra marihøne til autonome skip. Dette er Norsk Maritimt Kompetansesenter (NMK) i et nøtteskall.

Manglar hundre meter gangveg – skuleborn må gå langs tøff biltrafikk til og frå ferja

Må gå usikra langs E39

– Det kan aldri kome på tale å late borne våre gå åleine langs denne vegen.

Supporterklubben til AaFK har mistet 2 av 3 betalende medlemmer

Stille for Stormen

På det meste var de 2.600 betalende medlemmer. Nå er det 800 igjen.

Bjørlykkes 11. mesterskapsmedalje

Silje Mari Bjørlykke svømte fredag inn til sin 11. mesterskapsmedalje i et norsk mesterskap.