Det var avisa Firda som først melde at statsadvokaten har lagt vekk saka mot ein politimann, etter det ein meiner er mangel på bevis. Politimannen har vore etterforska sidan han vart meld i april i fjor.

I oktober blei han suspendert frå stillinga si, etter at politiadvokaten innstilte på å tiltale mannen for familievald.

Ber riksadvokaten sjå på saka

Men saka er ikkje over. NRK Sogn og Fjordane melder at eks-sambuaren til politimannen ber riksadvokaten ta oppatt saka.

Støtteadvokat Jon Christian Elden opplyser til NRK at kvinna er overraska over at statsadvokaten har gått mot politiet si innstilling.

Krev oppheva suspensjon

Mannen sin forsvarar, advokat Mette Yvonne Larsen, seier til NRK at etterforskinga har vore belastande for politimannen og at han no er letta over at saka er lagt vekk. Viss også riksadvokaten legg bort saka, vil han krevje erstatning for urettmessig straffeforfølging.

Til Firda seier Larsen at politimannen no vil be tilsetjingsrådet om å få oppheva suspensjonen.

Saka har vore etterforska av politiet i Møre og Romsdal.