(Mørenytt) Ifølgje politiet vart ei ung kvinne overfalt i eigen bustad natt til søndag. Politiet omtalar hendinga som " grov kroppskrenking".

– Vi vil ikkje gå i detaljar på kva som har skjedd, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle til Mørenytt.

– Er det valdtekt?

– Nei, det er det ikkje.

Etterlysing

Det er sett i gang ei omfattande etterforsking, og i ettermiddag gjekk politiet ut med ei konkret etterlysing.

–Politiet ynskjer å kome i kontakt med personar som var i sentrum av Volda, Halkjelsgata, natt til søndag 3. desember i tidsromet frå klokka 02.45 til 3.10, står det i ei pressemelding frå Sunnmøre Poltidistrikt.

– Politiet er spesielt interessert i tips om ein person som hadde på seg mørk caps, mørk jakke og lys bukse, seier etterforskingsleiar Grete Hjelle.

Halkjelsgata i Volda sentrum er eit område med småbutikkar, og med leilegheiter og studenthyblar over butikkane. Etter det Møre-Nytt kjenner til er det overvakingskamera i gata, og politiet skal ha bede om å få gå gjennom opptaka.

Hastar

- Det er viktig at dei som kan ha vitneobservasjonar eller tips til oss, kjem med desse så raskt som mogleg, seier Grete Hjelle.

Kvinna er teken hand om, og politiet etterforskar saka breitt. Det vert opplyst at politiet har gjennomført taktisk etterforsking og kriminaltekniske undersøkingar søndag.

Saka blei først publisert i Mørenytt