Politiet har gjenomført fleire kontrollar i kveld der dei har sjekka at bil og førar er som det skal vere. Dette er resultatet, opplyser politiet i Møre og Romsdal på Twitter:

Sykkylven: 50 kontrollerte, ingen reaksjonar. Brattvåg: 93 kontrollerte, ingen reaksjonar. Furene, Volda: 57 kontrollerte, ingen reaksjonar. Vatne, promillekontroll: 43 kontrollerte, ingen reaksjonar.

Litt tidlegare på kvelden hadde politiet kontroll på Varlete i Ulsteinvik. To sjåførar hadde ikkje med førarkortet og må betale gebyr på 500 kroner.

– Veldig mange bilistar er hyggelege folk og glad for å bli stoppa. Vi også er glad for å snakke med hyggelege folk, seier Svein Harsjøen på politiets operasjonssentral til Sunnmørsposten.