Politiet melder om eit snøskred på Auskjeret i Sykkylven søndag ettermiddag.

- Skredet er rundt 20 meter langt og 50 meter breitt og vart utløyst av tre skiløparar. Ingen er tatt, skriv dei på Twitter.

- Når vi melder om det er det mykje for å vise at det er skredfare i fjellet. Når det gjeld skredet på Ausskjert vart det altså utløyst av dei tre. Det var ingen nært og ergo ikkje fare for at det er folk i skredet, seier operasjonsleiar Tove Anita Asp hos politiet.

Skredet vart varsla klokka 13.05.

Ifølgje varsom.no er det faregrad 2 - moderat, når det gjeld snøskred på Sunnmøre søndag.

- Utløysing av skred er mogleg, spesielt ved stor ekstrabelastning i brattheng, heiter det mellom anna. Store naturleg utløyste skred er likevel ikkje å forvente.

Tenesta er levert av NVE i samarbeid med Statens vegvesen, Meteorologisk institutt og Bane NOR.