Politilogg:

Arrestert for truslar mot gutar

Fleire menn laga bråk på byen i Ålesund natt til torsdag. Og i Måløy er ein mann arrestert etter å ha truga tre mindreårige gutar.

Illustrasjonsfoto   Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

Nyheter

Fire personer i Ålesund sentrum er tatt med inn til politistasjonen etter bråk på byen, melder politiet i Møre og Romsdal på Twitter. Alle blir melde for ordensuroing.

Også ein annan person er meld for tilsvarande i løpet av natta. Vedkomande får sove ut rusen i arresten.

I Måløy fekk politiet melding om ein del personar som laga bråk på ein utestad. Fleire sprang frå staden, då politiet kom, ifølgje Twitteer-melding frå Vest politidistrikt.

Ifølgje politiet prøvde ein del mindreårige å skaffe seg alkohol. Dette blei dei nekta og bedne om å forlate staden. Då skal dei ha begynt å lage kvalme på staden.

Ein mann skal ha truga tre mindreårige gutar med eit knust glas for å hjelpe til i samband med hendinga. Politiet har vore i kontakt med gutane, som var redde.  Mannen i 30-åra er pågripen og sett i arrest.