– Vi avviser årlege mange skip som vil besøke oss. Så dette er ein bevisst politikk frå vår side, seier hamnesjef Rita Berstad Maraak.

Stranda Hamnevesen vil nemleg ikkje at det skal bli for fullt på hamna i verdsarvbygda. For det er ingen tent med.

– Så vi bruker mykje tid på logistikken, på å finne andre dagar, alternative tidspunkt, forklarer hamnesjefen.

– Og så brukar vi kaia på Hellesylt meir enn før. Medan det er meldt inn 189 anløp i Geiranger i år, blir det 123 på Hellesylt.

Brukar Hellesylt meir

– Dette reduserer presset på Geiranger, og det fører til meir aktivitet på Hellesylt – også på land.

– Statistikken frå 2017 viser at det var 15 dagar med tre skip, fire dagar med fire skip. Og då var dei fire heller ikkje her på same tidspunkt.

Tal frå Innovasjon Norge fortel at det i fjor var nærare tre millionar dagsbesøkande cruiseturistar i norske hamner.

REGULERER Hamnesjef Rita Berstad Maraak passar på at det ikkje blir for mange cruiseskip i Geiranger.

For 2018 er prognosen ein vekst på 18 prosent. Men altså ikkje for Geiranger, der det blir litt færre i år. Geiranger har i mange år hatt rundt 300.000 cruisepassasjerar.

– Er dette skip som har fått nei i Geiranger?

– Det veit eg ikkje, men vi ser at nabohamnene aukar.

Ingen sure miner

– Kva seier cruiseoperatørane når dei får nei til å kome til Geiranger? Blir dei sure?

– Slett ikkje. Ingen blir sure. Dei ønsker sjølv å kunne tilby sine kundar eit godt produkt, svarer Rita Berstad Maraak.

Medan dei altså lukkast med å regulere trafikken til sjøs, så peikar hamnesjefen på at biltrafikken til og frå bygda er det ingen som har kontroll på. Denne trafikken er stor, og han veks.