Sjåfør politimeld etter trafikkontroll: Lasta på tilhengaren dekka alle baklys

Statens vegvesen med trafikkontroll på riksveg 15 i Stryn.
Nyheter

200 køyretøy vart sjekka under ein trafikkontroll på riksveg 15 i Stryn fredag.

Under kontrollen vart det brukt kjennemerke-gjenkjenningskamera, og det vart kontrollert bruk av bilbelte, dokument og generell kontroll med hovudfokus på lette køyretøy.

Resultatet vart to bilbeltegebyr og to gebyr for manglande vognkort. Vidare vart ein sjåfør politimeld for ikkje å ha sertifikat, og ein fordi lasta på tilhengaren dekka alle baklys. Det var også skrive ut to kontrollsedlar etter tekniske manglar og gitt eitt bruksforbod på grunn av manglande sikt.