Ei 11 km lang strekning på fylkesveg 63 frå Valldal til Trollstigen er framleis utan mobildekning. No er ordførar Arne Sandnes (Sp) i Norddal lei:

– Denne saka begynner å bli ein parodi som set offentlege mynde i ein gapestokk. Diskusjonen blomstrar opp kvar vår, og når hausten kjem er ein akkurat like langt, skriv Sandnes i eit brev som mellom anna er sendt til fylkesmannen si beredskapsavdeling og ordførarkollega Lars Olav Hustad i Rauma.

Ikkje meir prat

– Slik har det vore no i mange, mange år. Dette kan vi ikkje leve med lengre. Anten får vi løyse problemet, eller så får vi annonsere at det ikkje er løysbart og ikkje kaste vekk meir tid på prat, legg Sandnes til.

Han seier det positive no er at det er økonomi, og ikkje teknologi, som er hinderet. Det meiner han er eit godt utgangspunkt for å kome vidare.

Opp på høgare nivå

– Etter alle rundane som ikkje har gitt uttelling, føler eg at saka må løftast opp på eit høgare nivå. Eg vil konkret føreslå at det blir kalla inn til eit møte der både fylkesmann Lodve Solholm og fylkesordførar Jon Aasen er til stades, skriv Arne Sandnes.

Han legg til at bussulykka i Valldal i 2016 er ei påminning om kva som kan skje, og som ganske sikkert vil gjenta seg.

Ei belastning

– Når slike ulykker skjer vil primærkommunane Norddal og Rauma kome i fokus. I tillegg til å vere ei belastning for våre naudetatar, vil det også byggje seg opp eit omdømeproblem som kan skade ei viktig næring - reiselivsnæringa i vårt område, held Sandnes fram.

Han minner dessutan om at tida går fort, og at noko må skje raskt viss ein skal ha håp om å få utstyret på plass til årets turistsesong.