KRISTIANSUND (smp.no): Dette er tema for eit stort dialogmøte i Kristiansund i dag, fredag.

Dialogmøtet er det siste av denne typen, før Helse Møre og Romsdal skal styrebehandle utviklingsplanen i februar.

Det er den mykje omtalte utviklingsplanen som i hovudsak skal diskuterast.

Planen har blitt møtt med til dels kraftige reaksjonar frå fagmiljø i Molde, Ålesund og i Volda. Det har kome inn over 100 høyringssvar, opplyser administrerande direktør Espen Remme i Helse Møre og Romsdal på møtet.

To store helsespørsmål

Rundt 80 møtedeltakarar skal diskutere mellom anna desse problemstillingane:

1. Korleis kan kommunar i Møre og Romsdal og Helse Møre og Romsdal best samarbeide for å konkretisere oppgåve- og ansvarsfordelinga mellom seg, med mål om heilskaplege pasientforløp?

2. Korleis kan samhandlingsavtalen og samhandlingsstrukturen utviklast for å understøtte dette arbeidet.

Politikarar og fagtilsette frå kommunane i Møre og Romsdal, tillitsvalde, og administrativ- og fagleiing i helseføretaket er mellom dei 80 deltakarane.

Les fleire saker om helse her

Korleis blir funksjonane fordelt?

Eit av dei store spørsmåla er altså samarbeid og konkretisering av oppgåve- og ansvarsfordeling.

Helseføretaket er som kjent i ein krevjande økonomisk situasjon, og i svara frå høyringa om utviklingsplanen er fleire kommunar uroa for økte kostnader over på kommunane.

Nytt sjukehus

Utviklinga av det nye sjukehuset som skal byggast utanfor Molde, og utviklinga av det distriktsmedisinske senteret i Kristiansund er også viktige tema for møtet.

Sunnmørsposten følgjer møtet i Kristiansund utover dagen.