Ørsta:

Kjøper dykkarselskap i Øygarden

Frøy-gruppa kjøper dykkarselskapet Seadive AS i Øygarden ved Bergen. Oppkjøpet skjer i regi av Frøy Vest i Ørsta.

Oppkjøp: Åge Kismul (til venstre) er svært tilfreds med at Seadive no blir ein del av Frøy-gruppa. Han meiner det vil bidra til vidare vekst av selskapet. Til høgre Joar Gjerde, dagleg leiar i Frøy Vest med base i Ørsta.  Foto: Frøygruppen / Seadive

Nyheter

Frå før dekkjer Frøy-gruppa Nord-Norge, Trøndelag, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

– Med oppkjøpet av Seadive er vi godt posisjonert for å vekse ytterlegare i kystområda i Hordaland, og etter kvart i Rogaland, seier Joar Gjerde, dagleg leiar i Frøy Vest, i ei pressemelding.

Blir 165 tilsette

Gjerde opplyser at oppkjøpet av dykkarselskapet Seadive AS er i regi av Frøy Vest i Ørsta. Selskapet har 15 tilsette og omsette i fjor for 30 millionar kroner.

– Vi har begynt å bli ein stor lokal arbeidsgivar. Frøy Vest og Frøy Vest Rederi AS har per i dag om lag 150 ansatte, i tillegg kjem no dei tilsette i Seadive, seier Gjerde.

Mange av dei tilsette kjem frå Sunnmøre, frå blant anna Hareid, Ulsteinvik, Herøy, Ørsta, Volda, Sande og Ålesund. Dei fleste er sjøfolk, og mange er tidlegare tilsette i offshore-reiarlag, ifølgje Gjerde.

Har fem fartøy

Seadive AS sit på betydeleg dykkerkompetanse og er godt etablert i havbruksnæringa, ifølgje pressemeldinga.

Dei har i dag fem fartøy som alle er spesialutrusta for dykkartenester. I tillegg har dei faste dykkarstasjonar integrert i lastebilar og spesialbygde tilhengarar.

– Dei tilsette i Seadive har ei betydeleg dykkar- og servicekompetanse, og passar derfor svært godt inn hos oss i Frøy-gruppa, seier Gjerde.

Åge Kismul som er dagleg leiar og hovedaksjonær i Seadive, er godt nøgd med at dei no blir ein del av Frøy-gruppa.

– Dette vil bidra til vidare vekst av selskapet, og utvikling av tilsette og kundeforhold, seier han i pressemeldinga. 


Frøy Harvest med båtdåp i Ålesund:

Døyper avansert fartøy for fiskeoppdrett

– For få år sidan brukte dei gamle ferjer, lekterar og slikt rusk til denne jobben, fortel skipper Halvard Bjørdalsbakke Saure (34) frå Ørsta.



Joar Gjerde ny dagleg leiar for Frøy Vest AS og Frøy Vest Rederi AS

Gründer vil selje seg ut - røynde folk inn i Frøy-leiinga

Sidan nyttår har Frøy Vest og Frøy Vest Rederi fått 25 nye tilsette. Om to veker kjem ein ny båt i flåten, og det trengst endå fleire folk.



Ny leiing i Frøy Vest

Joar Gjerde er tilsett som ny dagleg leiar i Frøy Vest og Frøy Vest Rederi. Brit Ytrebø blir ny mannskapssjef.



Smålåten Ørsta-gründer

Lurt til å halde suksess-føredrag

Broren tok i bruk tjuvtriks for å få Torstein Holsvik til å fortelje si spennande historie på næringskonferansen i Ørsta.