Skal 55 innbyggjarar bestemme over 400 kvadratkilometer?

Kven skal bestemme over 40 prosent av arealet i ein kommune, spør prosjektleiar Astrid Eidsvik i Nye Ålesund.

Hamna på Ona.  Foto: Torstein Viken

 
Nyheter

Dei fleste innbyggjarane på Ona, Sandøya og Orta vil til Aukra. Av 55 spurde svarte 85 prosent at dei ønskjer overflytting til Aukra. Kommunestyret for Sandøy kommune vil derimot at heile kommunen skal bli ein del av Ålesund.

Kven skal bestemme over dei rundt 400 kvadratkilometerane, stort sett hav, der desse øyane ligg?

Prosjektleiaren for Nye Ålesund har no lagt fram si innstilling. I punkt etter punkt finn Astrid Eidsvik argument for at Gåsøya, Seterøya, Lyngværet, Flatflesa, Ona, Sandøy og Orta bør høyre til Nye Ålesund.

– Øyane har, med unntak for Orta, kortare reisetid til sentrale servicefunksjonar i noverande Sandøy kommune enn til Aukra kommune, argumenterer Eidsvik.

Satsing på havet

Dagens Sandøy kommune er også sentral i den planlagde satsinga på havområdet i nye Ålesund. Konkretiseringa av intensjonsavtalen for dei fem kommunane er klar: Det er viktig å utnytte Sandøy kommune sin strategiske posisjon på kysten. Havrommet skal utviklast som ei større strategisk næring i storkommunen. Landområdet i Sandøy er på rundt 20 kvadratkilometer, mens havet utgjer 980 kvadratkilometer.

Tanken er at fagmiljø for både havrommet og vindenergi skal etablerast i Sandøy, i nært samarbeid med forskingsinstitusjonar som NTNU Ålesund og Norsk Maritimt Kompetansesenter, skriv Eidsvik.

Sandøy kommune er allereie med i eit pilotprosjekt for å lage marine grunnkart saman med Ålesund og fleire andre kommunar på nordre Sunnmøre.

– Nokre av premissane for kommunesamanslåinga vil vere borte med ei grensejustering, meiner Astrid Eidsvik.

Fare for framdrifta av kommunereforma

Nye Ålesund vil også understreke at tenestetilbod skal haldast oppe, inklusiv sørvisfunksjona, skriv ho.

I tillegg er meiner ho at belastninga i prosjektorganisasjonen nye Ålesund kommune vil bli kritisk dersom ein også skal handtere ei grensejustering. Ei grensejustering vert ei stor tilleggsoppgåve. Denne meirbelastninga på prosjekt nye Ålesund kan bli eit kritisk moment for å kome i hamn med kommunesamanslåinga, ifølgje Eidsvik.