Det var i eit ope brev til formannskapet i Stranda at Frp-politikar Frank Sve kritiserte kommunen for ikkje å kjøpe kraft frå det heileigde kommunale selskapet Stranda Energi AS.

Arbeidsplassar

Sve meinte at dette måtte kommunen gjere for å styrke lokalt næringsliv og lokale arbeidsplassar.

Men så enkelt er det ikkje, svarar ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp):

– Stortinget har som lovgivande myndigheit i Norge vedteke Lov om offentlege anskaffingar som er styrande for korleis offentleg sektor i Norge skal gjennomføre innkjøp. Eit berande prinsipp i denne lova er at alle innkjøp over 100.000 kroner skal konkurranseutsetjast, forklarer Tryggestad.

LOS Energy

Og han legg til at Stranda kommunestyre har vedteke å vere med i eit innkjøpssamarbeid med Ålesund kommune. Difor er det kraftselskapet LOS Energy som har vunne oppdraget med å levere straum til Stranda kommune.

– Frank Sve synest å leve i ei vrangførestilling om at lovar gitt av Stortinget berre kan setjast til side dersom ein i augneblinken ikkje likar ordlyden eller konsekvensen av dei, held Tryggestad fram.

Han synest utspelet frå Sve heller ikkje samsvarar med ein folkevald representant for eit parti som er sterke tilhengarar av fri konkurranse.