Tema er «Sjømat 2030».

– Vi ser rett og slett i glaskula, for å sjå korleis sjømatsektoren kan utvikle seg på beste måte med tanke på berekraft og forvalting fram mot 2030, seier styreleiar Inger-Marie Sperre.

Interessa for konferansen er større enn på lenge.

– Det byrjar å bli nærare ti år sidan det kom så mange til konferansen, fortel informasjonssjef Øyvind André Haram.

– Og dei 30 studentplassane var fullteikna på 10 minutt, seier han.

Spørsmåla er mange: Kor mykje meir kan det produserast? Korleis kan ein lage fleire produkt? Korleis kan industrien få meir råstoff inn til land? Kva nye artar er aktuelle?

– Fiskeri, havbruk og auka verdiskaping frå havet seglar opp som eit av dei få områda som har potensial til å fylle gapet etter olje og gass. Då er det viktig at vi som næring sørger for at også samfunnet ser kva retning vi går, og forstår vårt ønske om å bidra til vekst og utvikling for heile landet, seier Sperre.

Hennar personlege favoritt onsdag er Kristin Clemet, som skal snakke om «aksepten for å drive næringsliv».