For å få vite det, må vi attende til årsmøtet i Hødd Fotball i november 2017. Der vart det retta krass kritikk mot styret, spesielt frå tidlegare Hødd-trenar Arnfinn Ingjerd.

Det var saka om at Hødd hadde gitt fem 1998-spelarar kontrakt med løn som skapte høg temperatur.

Ingjerd foreslo at kontrollkomiteen i Hødd skulle gå gjennom saka. Sidan det, i fylgje Ingjerd, var eit faktum at alle i Sport hadde vore ueinige med styret og med fungerande sportssjef André Skotheim då.

Stridsspørsmålet gjaldt ikkje modellen om at overårige juniorar skal ha kontrakt - men i dette høvet kven som skulle få denne kontrakta. At to av fem spelarar var soner til styreleiar Haanes skapte bråk. Sjølv om Håvard Haanes bedyra at han hadde erklært seg inhabil i styret då dette spørsmålet kom opp. Noko også nestleiar Jogeir Romestrand stadfesta.

Kraftig kritikk

Det vart vedteke at kontrollkomiteen i Hødd skulle sjå på saka, og på IL Hødd sitt årsmøte tidlegare i mars vart komiteens rapport framlagt. Og rapporten uttrykte kritikk mot fotballstyret for måten dei hadde handtert styreleiaren sin habilitet på. Særleg det at det ikkje vart protokollført at styreleiaren hadde erklært seg inhabil i saka om dei fem spelarane som skulle få kontrakt.

TØFF KRITIKK: Ingunn Hestnes og Yrjar Garshol i Hødd sin kontrollkomite. Foto: KRISTIAN STENERUD

I tillegg kom kontrollkomiteen med kritikk av fotballstyret for manglande økonomistyring. Fyrst i mars i år kom det fram at Hødd hadde eit mykje større underskot i 2017 enn pårekna.

No har altså Håvard Haanes, som kom inn som leiar i Hødd Fotball så seint som hausten 2016, vald å trekke seg. Haanes har vore uråd å få tak i. Han er på forretningsreise i Kina og svarar ikkje på telefonen sin.

Handlar om prioritering

Men nestleiar Jogeir Romestrand seier dette:

– Spørsmålet er kva du skal nytte fritida di til. Og Håvard har då truleg kome til at han kan gjere andre ting enn å nytte all si fritid på Hødd. Han vel  å omprioritere litt i livet sitt, og det må vi respektere. Men vi i styret synes det er trist at dette vart resultatet, seier Romestrand.

–  Rykker du no opp som ny leiar?

– Det veit vi førebels ikkje. Det er kome nye reglar for slike ting i NFF, og vi skal saman med hovudstyret i IL Hødd finne ut av korleis vi skal gjere dette. Vi har heller ikkje nokon vararepresentant i fotballstyret, og vi skal sjølvsagt ha eit fullt styre så raskt som mogleg.

HARD MEDFART: Leiar i Hødd sitt hovudstyre Einar Warholm (t.v.) og Håvard Haanes på årsmøtet i IL Hødd nyleg. Der fekk fotballstyret og Håvard Haanes gjennomgå av kontrollutvalget.

Om dette betyr at Hødd Fotball må kalle inn til eit ekstraordinært årsmøte for å «klubbe» eit nytt styre, er usikkert.

– Kva med økonomien opp i dette, Romestrand?

– Vi må ta til oss den kritikken som er kome fram. At vi måtte tole eit stort underskot i fjor heng saman med det sportslege resultatet. Som eg har sagt tidlegare, er ikkje Hødd «rigga» for 2. divisjon. Vi må oppatt i 1. divisjon snarast mogleg. Der er medieinntektene og også andre inntekter på eit heilt anna nivå. Den sportslege satsinga er det aller siste vi vil kutte i, lovar han.

– Var spesielt

Yrjar Garshol er leiar for Hødd sin kontrollkomite, og har fått med seg at Haanes har slutta.

– Kritikken vår har vore retta mot heile styret, men sjølvsagt var det spesielt det som skjedde med dei fem spelarane som fekk kontrakt, og der Haanes var i nær familie med to av dei. Det er ikkje godt nok at styret ikkje kan dei habilitetsreglane som gjeld for handsaming av slike saker, meiner han.

– Hødd har alltid vore sett på som eit mønsterbruk i norsk fotball, og det skal Hødd vere! Og saman må vi rette opp dei feila som no er gjort, og kome sterkare attende. Og i dette tilfellet er det prosessen bak avgjerslene som ikkje har vore god nok. Meir det enn sjølve beslutningane, seier Garshol.

Ingunn Hestnes og Yrjar Garshol i Hødd sin kontrollkomite. Foto: KRISTIAN STENERUD
Leiar i Hødd sitt hovudstyre Einar Warholm (t.v.) og Håvard Haanes på årsmøtet i IL Hødd nyleg. Der fekk fotballstyret og Håvard Haanes gjennomgå av kontrollutvalget. Foto: Arne Flatin Foto: Flatin