Oppdatering: Ein mann i 40-åra er skadd i ein fot. Han blir undersøkt av helse, opplyser politiet klokka 11.10. Kva som har skjedd er førebels ikkje på det reine.

Politiet melde klokka 11 om ei arbeidsulykke i Hareid kommune.

- Naudetatane er på veg til staden. Skadeomfanget er førebels ikkje kjend, heitte det då. Politiet fekk melding om ulykka klokka 10.48.

Operasjonssentralen til politiet opplyste kort etter meldinga at ulykka hadde skjedd i ei lagerbygning.

– Ein person skal truleg vere skadd i ein fot. Ambulanse er varsla og er på veg til staden, sa operasjonsleiar.