Det vil seie, det er berre det første som er på plass. Flyttinga av kommunegrenser må vedtakast av departementet.

Det som skjedde fredag var at fylkesmann Lodve Solholm kom med si innstilling.

Paret slo seg ned i Skjåstaddalen, ein del av Bjørke krins i Ørsta, for tre år sidan.

Magnus (30) er frå Ålesund, Randi (25) flytta tilbake til heimgarden. I fjor tok dei formelt over gardsdrifta.

Rasmusgarden

No har dei førebels 28 storfe i fjøset, 25 geiter, to kattar, ein hund – og ikkje minst: tre månader gamle Rasmus Mathias i barnevogna. Gløymde vi å fortelje at dei bur på Rasmusgarden?

– Rasmus skal gå på barnehage i Hornindal, seier paret.

Det er også der dei vil at han skal gå på skule. Det er i Hornindal dei brukar på handle. Ja, dei hadde til og med bryllaupet sitt i Hornindal. Randi og Magnus var mellom dei som søkte om grensejustering, slik at Bjørke og Viddal skulle bli ei del av nye Volda kommune, og ikkje Ørsta, som i dag.

– Det ville vere uklokt å halde fram med å røyste ved val i Ørsta kommune, medan vi nyttar oss av barnehage, skule og helsetenester i Hornindal og Volda, det som skal bli nye Volda kommune, seier Magnus.

– No kan vi få vere med på å bestemme, skyt Randi inn.

Delte meiningar

Paret vedgår at det slett ikkje er einigheit om dette i bygda.

– Men hos dei unge er det stort fleirtal for å gå for nye Volda. Og det er jo dei unge som er framtida. Det er han som ligg i barnevogna si framtid vi tenkjer på, seier Randi Myklebust.

Fordi meiningane er delte har dei heller ikkje noko behov for å feire på ein dag som dette.

Paret følgde fylkesmannen si direktesende pressekonferanse via mobiltelefonen. Det hadde dei ikkje kunne ha gjort for kort tid sidan:

Internett

– Vi fekk 4G-dekning her i førre veke. Så difor kunne vi sjå på streaminga medan vi gjekk tur med Rasmus i barnevogna, fortel dei to ferske foreldra.

– Var de overraska då fylkesmannen kom med si innstilling?

– Vi hadde blanda kjensler på førehand, og var slett ikkje sikre. Og det er vi for så vidt ikkje enno, heller. Det er jo departementet som tek den endelege avgjerda. Dette er berre ei innstilling, minner Magnus oss på.

– Men det var iallfall den mest logiske, den mest naturlege og mest framtidsretta innstillinga han kunne kome med, legg Randi til.

No synest dei det blir spanande å sjå om dette som no er i ferd med å skje kan tvinge fram ei samanslåing av Ørsta og nye Volda kommune. Også her inst i Hjørundfjorden har debatten gått om kva som er den beste løysinga.

– Har det gått hardt for seg ?

– Nei, det er i grunnen helst på sosiale media det er blitt diskutert. Og då har det vel kome nokre meldingar frå begge kantar som har gått vel langt, trur Magnus.

Identiteten til dei som bur her blir iallfall ikkje endra, meiner det unge paret:

– Vesle Rasmus er uansett ein bjørking, same kva for kommune han blir buande i, seier pappa Magnus.

FLYTTING: Bjørke inst i Hjørundfjorden bør flyttast over frå Ørsta til nye Volda kommune, meiner fylkesmann Lodve Solholm. FOTO: KNUT ARNE AARSET Foto: Knut Arne Aarset