Like før klokka tolv laurdag føremiddag rykka alle naudetatane ut til ein brann i ein russisk fiskebåt som ligg til kai ved Fiskerstrand verft i Sula.

Ein halvtime etter melde politiet at brannen er sløkt.

– Ingen personar er meldt skada, men nokre av mannskapet skal vere eksponert for røyk, opplyser operasjonsleiar Borge Amdam i Møre og Romsdal politidistrikt.

Dei som har fått i seg røyk er sjekka av helsepersonell, ifølgje politiet.

– Kva veit de om årsaka til brannen?

– Dette er det for tidleg å seie noko om. Vi snakkar med mannskap på staden, men vi er ikkje så stødige i russisk, for å vere ærleg, seier Amdam.

110-sentralen melde på Twitter at Sula brannvesen var inne med røykdykkarar.