Norled melder om to endringar på ferjesambandet Hareid – Sulesund:

Frå og med i dag, tysdag er det redusert kapasitet i rute B og innstilt rute C.

- Årsaken er planlangt årleg vedlikehald for ei av hovudferjene. Verkstadopphaldet vil vare i om lag ti dagar, heiter det.

Ifølgje regionssjef Inge Andre Utåker i Norled er det «Tidefjord» som er på verkstad, og medan «Ullensvang» går mellombels i rute A, er «Høgsfjord» inne i rute B.