Frp-forslag: Meiner Ulstein og Ørsta bør finne saman

Ulstein og Ørsta bør kunne bli ei kommune, meiner dei to Frp-arane Hans Olav Myklebust og Knut Erik Engh.

Ulstein-ordførar Knut Erik Engh (Frp) og Ørsta-ordførar Stein Aam (innfelt) frå Senterpartiet. Arkivfoto 

Nyheter

I ei pressemelding sendt ut måndag tek Frp-politikarane til orde for at dei to kommunane på Søre Sunnmøre greier ut moglegheitene for å slå seg saman til ei kommune.

Potensial for meir samarbeid

Kommunane samarbeider allereie om oppgåver som PPT, barnevern, IKT og legevakt.

– Potensialet for samkøyring av kommunale tenester er større mellom Ulstein og Ørsta enn dei tradisjonelle samarbeidspartnarane Hareid og Volda, uttaler Myklebust i pressemeldinga.

Ulstein-ordførar Engh meiner ein treng ein breiare debatt om korleis kommunekartet skal sjå ut i framtida. Han peiker på at dette alternativet ikkje har vore ugreia før:

Vidare meiner eg at Ørsta og Ulstein vil kunne passe godt i lag, uttaler han i meldinga.

– Sterk utviklingsaktør

– Ørsta og Ulstein vil kunne verte ein sterk utviklingsaktør på Søre Sunnmøre som har fokus på både indre og ytre. Begge kommunar har sterke tettstadar som fungerer som service og handselsentre for eit større område og dei utfyller kvarandre. Begge kommunar prioriterer også sentrumsutvikling og har samanfallande forståing for kva betyding dette har for attraktivitet og konkurransekraft, heiter det vidare.

Dei peiker på at kommunane begge har tradisjonar for industribygging og at ein i reiselivssamanheng kan tilbyd både skjergard, fjell og fjordar.

Hans Olav Myklebust er tidlegare ordførar i Ørsta. Arkivbilde  Foto: Knut Arne Aarset