– Vi i Ørsta er veldig glade for for avgjerda, seier leiar ved kontoret Tove Krøvel.

Dermed er 45 statlege arbeidsplassar i Ørsta sikra. Om det som følgje av at ein går frå 22 kontorer, pluss tre einmannskontorer, og ned til fem Helfo-kontor i heile landet gjer at det blir fleire stillingar ved kontoret i Ørsta, er ikkje avgjort.

– I kjølvatnet av denne omorganiseringa skal oppgåvene i Helfo fordelas på ny. Kva for oppgaver vi får ved kontoret i Ørsta, og om det fører til fleire stillinger, får vi vite før sommaren, seier, Krøvel.

– For oss ved Ørsta-kontoret er dette ein stor dag, men samstundes føler vi med dei som arbeider ved kontor som blir lagt ned, seier Krøvel.

Helseøkonomiforvaltninga (Helfo) er eit statleg forvaltningsorgan med oppgåver innan helsefinansiering. Dei forvalter årlig om lag 34 milliarder kroner. Dette omfatter oppgjer frå folketrygda til behandlere, leverandører og tjenesteytere, samt individuell refusjon av privatpersoners utgifter til blant anna legemidler, tannhelse og helsetjenester i utlandet.

Helfo har gjennom 2017 arbeida med ei framtidig lokalisering av etatens kontorer i Norge etter oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet og Helsedirektoratet.  I ein rapport i desember 2017 tilrådte Helsedirektoratet/Helfo fem framtidige kontorer. Det var Tønsberg, Fredrikstad, Sola, Mo i Rana og Ørsta.

Regjeringa valgte å følge tilrådinga frå Helsedirektoratet. Dermed blir eit av dei fem nye kontora  i Ørsta.

Nyvalgt helsepolitiker i Frp, Sylvi Listhaug, er veldig nøgd med avgjerda.

– Dette er eg veldig nøgd med. Ørsta er eit kontor som gjer ein god jobb, og det er godt vi får tatt vare på desse arbeidsplassane.  Det er viktig at vi sørger for at skattebetalaranes penger blir brukt fornuftig. Derfor har vi effektivisert, og ønskjer å kutte i unødig byråkrati. Ørsta er eit døme på folk som jobber effektivt og godt, og eg er glad for at vi får trygga desse arbeidsplassane, seier Listhaug.

Frps nyvalgte helsepolitikar, Sylvi Listhaug, er godt nøgd med at Helfo i Ørsta får fortsette.