Det går fram i eit innlegg styret i Ørskog Blues Club og Ørskog Bluesfestival har på trykk i Bygdebladet fredag. 20. april.

Der fortel dei at styremedlemmene stod overfor valet om å arrangere Ørskog Bluesfestival 2018 sterkt nedskalert frå tidlegare år, eller bruke eit år på å planlegge neste års festival. Dei valde det siste.

Det blir peikt på at rekneskapen til bluesfestivalen i 2017 viste eit lite underskot, men takka vere ein buffer på kontoen vart økonomien redda.

– Men å arrangere ein festival krev mykje planlegging, mykje tid for skal vi få tak i dei beste artistane må vi starte eit år i førevegen, og ikkje minst mykje pengar, skriv styret som no vil bruke det komande året til å bygge opp att eigenkapitalen, planlegge og signere inn nye artistar. Noko anna styret i Ørskog Blues Club og Ørskog Bluesfestival har bestemt seg for er å flytte arrangementet innomhus igjen. I avisinnlegget skriv dei at bluesfestivalen 2019 skal bli eit tørt arrangement med behageleg temperatur, dansegolv og fantastiske band.