– Moa er viktigste handleområdet også for oss som bor i Skodje, sa påtroppande Skodje-ordførar Dag Olav Tennfjord (H) til Sunnmørsposten denne veka.

Det får ein butikkeigar på Skodje til å steile.

Terese Otterlei er næringsdrivande på Skodje.

Vi treng ikkje ein ordførar som skryt av eit handlesenter i nabokommunen, skriv Terese Nesvik Otterlei, eigar og dagleg leiar av Blomsterkjelleren AS på Skodje, i eit lesarinnlegg i Bygdebladet.

Til Sunnmørsposten sa Tennfjord at Moa er i ferd med å bli ein flaskehals for trafikken. Han meinte også at for mykje av planlegginga av Moa er overlatt til dei private aktørane. Men i tillegg skryt han altså av Moa som handlesenter.

Sei di meining i kommentarfeltet

- Forskjell på Skodje og Haram

Skal ikkje Tennfjord konsentrere seg om si eiga kommune, spør ho og antydar at den påtroppande ordføraren er meir opptatt av kommunesamanslåing enn av si eiga kommune.

Sjå også: Ålesund-ordføreren glad for utspillet fra Skodje

Terese Otterlei har forretning både i Skodje og i Haram. I lesarinnlegget i Bygdebladet skriv ho at det er forskjell i dei to kommunane.

- Haram er svært flink til å støtte opp om sitt eige og bruke sitt eige, ifølgje Otterlei.

- Skodje har alt

Otterlei spør kva i all verda er det Tennfjord manglar på Skodje sidan han må skryte av Moa, og ramsar opp ei rekke typar næringsliv som er i Skodje, mellom anna rørleggjarar, snikkarar, elektrikarar, og forreteningar for sportsutstyr, gåver, blomar, sykkelutstyr og leiker.

Ho ber i staden om hjelp frå ordføraren til å satse vidare som næringsdrivande i Skodje.

Les nyheiter frå Ålesund og omland på smp.no