«Hjertefred» er namnet på eit arrangement som dukkar opp fleire og fleire stader i landet.

Sula også med

På Sunnmøre har det i nokre år vore kunstnarlege og samlande markeringar av Allehelgensdagen i Ulstein og i Giske.Takk vere Anita Alnes Solevåg og Anitra Kringstad har også Sula no kome med i selskapet. Jentene hadde valt seg ut kråa mellom Kølbuda og hovudbygningen til Devoldfabrikken i Langevåg.

Vakker ramme

– Vi hadde eit mål om å få til noko ute. Det handlar om at den einskilde er meir i fred ute i skyminga enn om vi skulle benke oss inne i lyset, forklarer dei to initiativtakarane. Dei tenkjer naturlegvis på at sørgjande reagerer ulikt på ein dag som dette. Og det skal det vere rom for, samstundes som markeringa vert ei vakker ramme.

Bli årvisst

– Vi ynskte å skape eit rom til ettertanke, og har så langt berre høyrt godord. No satsar vi på at Hjertefred skal bli noko årvisst i Langevåg.

– Når det kan fungere i så dårleg vêr som denne gongen, vil det alltid fungere. Det kunne ikkje bli stort verre. Vi var redde på førehand. Særleg med tanke på alt det tekniske utstyret, fortel Alnes Solevåg og Kringstad. Dei gjekk siste sjekkrunde nokre timar i førevegen, og vart forsikra av lydteknikarane Lars Nikolai Riksheim og Jørgen Blindheim at alt var trygt. Så dei valde å køyre etter plan A.

Men dei fleste tende lysa vart rett nok sløkte av vinden.

Livet lunefullt

– Livet kan vere lunefullt. Slik også vêret er på våre kantar.Hjertefred varer ein liten time, og inneheld både musikk og opplesing. Førsteutgåva i Langevåg mønstra såleis Stig Ulv, Lena Nymark, Jens Arne Molvær, Askjell Molvær, Lars Martin Vik, Carlos Alberici og Roald Kringstad.

Lena Nymark presenterte endåtil ein flunkande ny, spesialskriven låt, berre tre små dagar gamal.

God tilbakemelding

– Eg plar vanlegvis å la songane liggje eit par – tre år, så dette er eigentleg litt skummelt. Etterpå gjekk det ei klar melding frå arrangørane Anita Alnes Solevåg og Anitra Kringstad klar til den spende artisten:

– Songen din blir fast innslag heretter.

<strong>Nøgde:</strong> F.v. Anita Alnes Solevåg og Anitra Kringstad er særs nøgde med førsteutgåva si av Hjertefred.