SISTE: Ferja Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya er innstilt frå kl. 19.45 måndag kveld grunna utbetring av tekniske problemer. Truleg vil ruta gå som vanleg frå Larsnes kl. 21.15, ifølgje Norled.

Hurtigbåten mellom Langevåg og Ålesund blei måndag ettermiddag innstilt inntil vidare. Reiarlaget Norled opplyser på sine heimesider at årsaka er tekniske problem.

Det er Tyrving som gjekk i sambandet måndag, men båten hadde problem med å legge til på Sula-sida på avgangen som kom til Langevåg ved 16.30-tida.

Gjer som fleire enn 24.000 andre - lik smp.no på Facebook

Folk om bord kunne høyre eit tydeleg dunk i båten midtfjords, opplyser smp.no-journalist Karl Petter Løvoll  som var med på turen. Etterpå blei farta redusert.

– Men eg opplevde det på ingen måte dramatisk, seier Løvoll.

Mannskapet om bord stadfestar opplevinga, men opplyser at lyden ikkje kom som ein følgje av at båten traff noko ute på fjorden. Reiarlaget sett inntil vidare opp drosje og buss for avgangene utover kvelden.

Frå tysdag morgon vil Fjordbuen gå i ruta som vanleg.

Les fleire nyheiter frå Ålesund og omland på smp.no

Lurer du på om ruta i gang igjen? Sjekk AIS-sporinga her