- No har vi vore utpå her i snart to timar. Det verkar ikkje som om mannskapet heller heilt veit kva som skjer, seier Lars André Bigton.

Han var på veg til eit jobboppdrag på Lillehammer då han klokka 7.20 måndag tok ferja frå Festøya. Etter 40 minutt fekk dei beskjed om at noko ikkje var heilt som det skulle.

- Dei fortalde at det var problem med ein thruster (styrepropell, journ.anm.) som blant anna gjorde at dei ikkje kunne legge til, seier Bigton.

Det stadfestar operativ leiar Thorbjørn Vik i Fjord1.

- Storfjord fekk trøbbel med ein thruster som gjorde at det vart vanskeleg å kome til kai. Dei måtte gjere nokre forsøk før dei kom seg inn, seier Vik.

Lite dramatikk

- Det snør og blæs og er vått, mørkt og kaldt her, men elles lite dramatikk, fortalde Bigton til smp.no då  situasjonen framleis var uavklart.

Klokka 9.15 hadde Bigton og dei rundt 10 andre bilane om bord i MF Storfjord vore på fjorden i nesten to timar, og ikkje lenge etter løyste situasjonen seg. Då hadde han slått av ein prat med andre som fortalde at to timar var ikkje det verste dei hadde opplevd å sirkulere rundt på Storfjorden.

- No har ferja returnert til Festøy og greidd å leggje til her. Vi er flytt over i MF Hjørundfjord, fortel Bigton.

Så er det tilbake ut på fjorden. Forhåpentlegvis berre ein rask tur over til Solavågen før dei kan fortsette 2. juledagsferden vidare.

Sambandet i drift utover dagen

- Problemet er ikkje fiksa, så båten ligg til kai til situasjonen er avklart. Hjørundfjord køyrer ruta inntil vidare, seier Vik.

Sambandet er altså ope utover dagen, og det vert køyrd søndagsrute etter planen med mulege forseinkingar fram mot klokka 10.30. Ruta er berre trafikkert av ei ferje som går etter A-ruta sine avganger i rutetabellen.

Lars André Bigton vart fast på Storfjorden med ferjetrøbbel måndag morgon. Foto: privat