- Ingen personskade. Berging rekvirert, opplyser politiet på Sunnmøre.

- Bilen er for så vidt greit ute av vegen, men folk kan vere litt obs når dei køyrer forbi, seier operasjonsleder Kenneth Sætre til smp.no.

Klokka 10 opplyste politiet at bilen er fjerna.

Også på fylkesveg 107 over Stette og Ellingsøya var det bil i grøfta på det glatte føret onsdag morgon.

I Stryn har ein bil køyrt i fjellveggen på riksveg 15. Ingen personskade, opplyser politiet i Sogn og Fjordane onsdag føremiddag.

NRK fekk onsdag morgon tips om eit vogntog som sperra eit felt i Ringstadkrysset på Stranda.