Eit augnevitne fortel om eit ambulansehelikopter som fleire gonger forsøkte å kome seg inntil fjellet. Deretter såg ho at helikopteret flaug i retning Åse sjukehus.

Sunnmørsposten har snakka med ein av dei som var oppe på Godøyfjellet denne fineversdagen. Han fortel at ein ung mann sprang ut med paraglider frå Storhornet og landa nede i lia like under toppen.

- Eg trur det var tre kompisar som heldt på med paraglider. Eg såg den eine for i kollkast nedover. Så var han ei stund nede i lia før han gjekk opp att. Eg såg at han hadde skadd handa si. Eg forstod også at han hadde skadd hofta si. Vi er berre glad for at det gjekk bra, for det såg skikkeleg ekkelt ut, fortel eit augnevitne.

Hopparen fekk muligens for lite luft under paraglideren då han sprang ut, trur augnevitnet.

- Eg snakka med to andre der oppe, eg fekk inntrykk av at dei er erfarne. Den eine snakka om at han har hatt fleire hopp frå Storhornet, fortel han.

I ei oppdatering fra Helse Møre og Romsdal blir det opplyst at en mann i 30-åra har fått behandling ved Ålesund sjukehus for lette skader.