Krigsramma barn held varmen takka vere ein anonym gjevar på Sula. Pinsekyrkjene på Sunnmøre har i mange år samla inn kle og sko til krigsramma barn i Ukraina.

I vår vart innsamlingsaksjonen kontakta av ei kvinne i Langevåg som ønskte å gje bort nokre genserar som ho hadde strikka til barn, fortel dei i ei pressemelding.

– Ho ba oss følgje opp genserane og sjå til at nokon som verkeleg trong varme kle fekk det. I alt stresset fekk eg ikkje med meg namnet på den snille kvinna, men no ønskjer vi å vise henne, og mange andre, at hjelpa kjem fram, seier Helge Vågnes, lokal medarbeidar i hjelpeorganisasjonen Openheart.

Helge Vågnes og kona Palma var med hjelpekonvoien til Ukraina i vår.

– Vi fekk sjå nauda som er i landet. Og vi fekk sjå at den hjelpa lokale eldsjeler gir her på Sunnmøre kjem fram til dei som treng det.

Vil gjerne få kontakt med strikke-kvinna

No spring barn i Ukraina rundt med strikkagenserar frå Sunnmøre.

– Vi ønskjer å kome i kontakt med ho som ga desse genserane for å vise henne at det nyttar å hjelpe, seier Vågnes.

Førstkomande helg er det ny innsamlingsaksjon i regi av Openheart og pinsekyrkjene på Sunnmøre.

– Meir enn 4.000 barn får mat kvar dag takka vere støtta frå Norge. I tillegg får krigsramma familiar hjelp til å klare kvardagen, ifølgje Vågnes.