Måndag kveld melder politiet at ein bil har køyrt av vegen ved Sørestranda på Vigra og knekt ein lyktestolpe. Det skal ikkje vere personskade.

Det er ikkje kjend kva fart bilen hadde, men det er i alle fall glatte vegar både her og stort sett i heile politidistriktet.

Måndag har mange på Nordvestlandet vore uheldig på snøføret.