Saka kjem opp i møtet i regional- og næringsutvalet tysdag 2. september, og skal innom fylkesutvalet før endeleg avgjerd i fylkestinget i oktober.

Så kort tid sidan som i 2013 tilrådde fylkestinget ei samanslåing av dei tre høgskulane i fylket.

Stortingsmelding

Til våren legg regjeringa fram ei stortingsmelding om framtidig struktur i universitets- og høgskulesektoren. På denne bakgrunnen har kunnskapsministeren bede om innspel.

Det ligg i korta at det skal verte færre institusjonar, men statsråden har uttalt at det ikkje nødvendigvis betyr færre campus. Høgskulane i Møre og Romsdal skal ha møte med statsråden 17. september.

Dei tre høgskulane har ulike oppfatningar om kvar vegen vidare går.

Åtvaring

På grunn av mangelen på ein felles strategi, åtvarar fylkesrådmannen om at i teorien kan vi få samanslåingar der høgskulane i fylket blir styrt av to eller tre institusjonar utanfor fylket.

Korleis dette vil påverke innovasjonssystemet i Møre og Romsdal, er usikkert. Guttelvik skriv at for vårt fylke er det vesentleg at vi har eit innovasjonssystem som fungerer til beste for vårt lokale arbeids- og næringsliv.

Vidare at høgskulane innanfor nokre fagområde har utvikla eit svært godt samarbeid med næringslivet, og at dei tre skulane har komplementære fagområde som i større grad enn det som er situasjonen i dag, bør kunne resultere i meir tverrfagleg samarbeid.

Innovasjonskrafta er størst i tverrfaglege miljø, understrekar fylkesrådmannen.

Raskare innovasjonstakt

Han trur det er nærliggjande å tru at dersom høgskulane arbeider meir tverrfagleg, vil denne kunnskapen i neste omgang bli overført til samarbeidet høgskulane har med arbeids- og næringslivet, og såleis bidra til raskare innovasjonstakt i arbeids- og næringslivet i fylket.

Sterkt næringsliv. Fylkesrådmannen understrekar i forslag til vedtak at ein ny universitets- og høgskulestruktur må ta omsyn til Møre og Romsdal sitt sterke næringsliv og behovet næringslivet har for næringstilpassa utdanningsbehov. Møre og Romsdal treng ein lokalt forankra høgskule som gir forskingsbasert utdanning.

Må ikkje svekkje samarbeid

Vidare peikar fylkesrådmannen på at ein ny universitets- og høgskulestruktur ikkje må svekkje det fruktbare samarbeidet som høgskulane i fylket og næringslivet har bygd opp innanfor bruksretta forsking.

Ein ny struktur må ta høgde for eit sterkare samarbeid mellom grunnforskingsmiljø nasjonalt eller internasjonalt og næringslivet i Møre og Romsdal, der den lokale høgskulen er ein viktig tilretteleggjar for eit slikt samarbeid.

Samarbeid. Det må derfor byggjast ein struktur som gir grunnforskingsmiljøa insentiv til å samarbeide med dei regionalt forankra høgskulane og deire forskingsmiljø i fylket som driv bruksretta forsking, heiter det i tilrådinga frå Ottar Brage Guttelvik.

Argument som vart nytt sist saka var oppe, vert gjentekne, mellom anna at Høgskulen i Møre og Romsdal vil forsyne arbeids- og næringslivet med etterspurd og attraktiv kompetanse innanfor eit breitt spekter av fag.