Grunnen til dette er at Statens vegvesen skal oppgradere og utvide hovudkaia på Magerholm ferjekai. Omlegginga av ferjetrafikken skal foregå fram til februar  neste år.

Prosjektleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen var torsdag føremiddag på plass på Magerholm for å sjå korleis omlegginga gjekk i praksis: – Den første turen gjekk nå klokka 10.10, og det gjekk heilt fint. Skilta på kaia er programmert om og det er viktig at bilistane følgjer skiltinga til reservekaia, seier Nærø til smp.no.

  • Har du kjørt på ferjekaia? Hvordan gikk det? Bruk kommentarfeltet under !

Følg smp.no på Facebook

Oppstillingsplassen for bilar vert brukt som før. Det er sett opp skilt og ferjemannskapet  skal dirigere. Det er laga til ny busshaldeplass og gangveg mot ferja.

Dei som skal sette bilen på parkeringsplassen før dei tek ferja, må krysse vegen der bilane køyrer inn til oppstillingsplassen for ferjekøa. Det er difor viktig at båe bilistar og fotgjengarar viser stor merksemd inne på ferjekaiområet.

Hovudkaia på Magerholm skal forlengast med 26 meter for at heile kaianlegget skal vere tilpassa ferjetrafikken i framtida. Arbeida med  den nye reservekaia starta hausten 2013. Det er denne kaia som skal ta unna ferjetrafikken medan hovudkaia vert utbedra.

Les fleire nyheiter frå Ålesund og omland på smp.no

Arbeida på Magerholm ferjekai skal ikkje vere til hinder for trafikken til og frå ferja. Det vil likevel verte anleggstrafikk.