Fire personar, to vaksne og to barn, vart sendt til legesjekk etter ein trafikksmell på Digernesskiftet måndag ettermiddag.

- To bilar har kollidert front mot front, melde politiet på twitter klokka 13.30.

Det er isglatt veg på staden.

- Alle vart vurdert som uskadde men vart tatt med til legevakt på Skodje for sjekk, opplyser operasjonsleiar Magne Tjønnøy i Sunnmøre politidstrikt.  Politiet oppretter sak på forholdet.

Det er vanskelge køyreforhold fleire stader på Sunnmøre. Måndag morgon vart delar av Digernesskiftet mørklagt etter at ein førar mista kontrollen på glatta og trefte ein lyktestolpe.

Måndag ettermiddag sperra eit vogntog riksveg 60 mellom Hellesylt og avkøyringa til Norangdalen. I morgontimane vart det rapportert at fem vogntog stod fast på veg opp på Strandafjellet frå Sykkylven.