<strong>Bybane i Bergen:</strong> Bybana i Bergen kan vere ein modell for ei bybane i Ålesund. Farten gjennom gatene er 20–30 kilometer i timen. Fjord1 Partner fekk oppdraget med å drive den nye bana som har blitt ein formidabel suksess.
(Foto: Rune Jenssen/Bybanekontoret)

Bybane i Bergen: Bybana i Bergen kan vere ein modell for ei bybane i Ålesund. Farten gjennom gatene er 20–30 kilometer i timen. Fjord1 Partner fekk oppdraget med å drive den nye bana som har blitt ein formidabel suksess. Foto: Rune Jenssen/Bybanekontoret

Planlegg bybane i Ålesund

Konkret planlegging av bybane i ålesundsområdet er finansiert og skal ta til på nyåret.

Det er Norsk Bane og Jørg Westermann som skal leie planlegginga. Oppdragsgjevar er Daaekvartalet kompetanse i Spjelkavik. Holm-stiftinga er med på finansieringa.

Bakgrunnen for initiativet er irritasjon i næringslivet over at ei bybane ikkje er tema i det offentlege bypakke-prosjektet i Ålesund. Der har dei låst seg til breiare bilvegar.

Meininga med å planlegge bybane er både å vise korleis ei bane kan byggjast teknisk, og få fram opplysningar om det økonomiske grunnlaget for eit slikt prosjekt.

– Vi må gå ope ut i planlegginga. Det er trongt om plassen i Ålesund og vi må sjå på fleire måtar å få til ei bane mellom Moa og Ålesund sentrum, seier Jørg Westermann i Norsk Bane.

Men han meiner det er feil å berre sjå på denne strekninga. I Bergen planla og bygde dei bane først frå sentrum og fram til Nesttun, og det viste seg tungvint å halde fram til Flesland. Bybanen i Bergen har vorte ein suksess og diskusjonen dreier seg om korleis dei skal få til forlenging.

Til naboar

Jørg Westermann vil samtidig leggje fram planar for bane over Aspøya til Hessa, og å byggje bane frå Spjelkavik både til Langevåg og Skodje.

Meininga er å kunne leggje fram konkrete bybaneplanar hausten 2015. I årevis har det vore snakka og skrive om bybane i Ålesund, men aldri før har det vore lagt pengar på bordet til konkret planlegging.

Norsk Bane og Jørg Westermann har i mange år planlagt nye jernbaner både i Norge og i utlandet. For tida held han på med eit prosjekt i Sverige. I haust la dei fram planar for eit jernbaneprosjekt i Telemark som er kalla Telemarkslinken.

300 km/t

Med pengar frå Telemark fylkeskommune planla Norsk Bane jernbane frå området mellom Notodden og Bø, og vidare ned til Skien og Porsgrunn. Derfrå har dei planlagt ei linje austover mot Larvik og Sandefjord og ei anna vestover mot Risør med ynske om å gå vidare til Arendal og Kristiansand. Alt det arbeidet kosta 500.000 kroner.

Dette nettet vil dei knyte saman med den planlagde jernbana over Haukeli. Felles for planane hans så langt er ekspresstog som køyrer opp til 300 kilometer i timen.

Ei bybane må køyre sakte gjennom bygatene, men kan raske på i ubygde område.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Vi går ope ut og ser på fleire byggemåtar

Jørg Westermann
Bybane i Ålesund
  • Daaekvartalet kompetanse har skaffa pengar til å planleggje bybane mellom Ålesund sentrum, Hessa, Spjelkavik, Skodje og Langevåg
  • Forslag til korleis eit slikt tiltak kan byggjast skal leggjast fram i oktober 2015
  • Bybanen i Bergen har vorte vellykka og skinnegåande persontransport er sett på som framtidsretta løysingar i dei fleste større byområde
<strong>Utrøytteleg:</strong> Jørg Westermann er ein utrøytteleg planleggjar av effektive jernbaner. På nyåret set han har i gang planlegging av bybane i Ålesund.

Utrøytteleg: Jørg Westermann er ein utrøytteleg planleggjar av effektive jernbaner. På nyåret set han har i gang planlegging av bybane i Ålesund.

Leses nå
 

Forsiden nå:

Tidligere Brattvåg-spiller i problemer

Får ikke lønn - anmelder sin egen klubb

22-årige Thomas Aarsund fra Brattvåg skulle spille for 3. divisjonsklubben Lysekloster i år, men det har utviklet seg til et lite mareritt.

KRONIKK