- Ullprodusenten Devold flyttar lageret sitt frå Langevåg i Sula til Litauen. Dermed mister 16–17 personar jobben, melder NRK Møre og Romsdal.

Fire til seks mister jobben i administrasjon og produkutvikling, i tillegg til 12 tilsette på lageret.

– Flyttinga skjer som fylgje av kostnadsnivået i Noreg. Det er meir rasjonelt å distribuere varene direkte frå Litauen der fabrikken vår ligg, seier styreleiar Knut Flakk til NRK.

Dei endelege rekneskapstala er ikkje klare. Devold er marknadsleiande på ullundertøy og har sidan 1998 produsert varene i Litauen, der 300 personar er tilsett.