Statssekretær i Samferdselsdepartementet Tom Cato Karlsen hadde gleda av å klippe snora under opninga på Ålesund Lufthavn Vigra. Konsernsjef i Avinor, Dag Falk-Pedersen, og Divisjonsdirektør Margrethe Snekkerbakken var også til stades.

Gjer som fleire enn 21.000 andre - lik smp.no på Facebook

Utvidelsen av avgangshallen er den største terminalutvidelsen på Vigra sidan det eksisterande terminalbygget blei opna i 1984.

Ekstrem vekst

Statssekretæren var på Vigra for eit par veke sidan, og visste ikkje kva som rørte seg bak ryggen hans.

– Eg er glad eg fekk sjå den gamle hallen. På den måten fekk eg sjå kontrasten til den nye hallen i dag, seier han.

Les fleire nyheiter frå Ålesund og omland på smp.no

Karlsen er imponert over kva dei har fått til på Vigra, og legg til at den ekstreme veksten innan flytrafikk frå Vigra var med på å framskynde utbygginga.

– I 2009 var det litt over 700 000 som reiste frå Vigra, i 2014 var det 1,1 million. Det er ingen lufthamner i Norge på denne storleiken som har hatt slik vekst, seier Karlsen.

Statssekretær i Samferdselsdepartementet Tom Cato Karlsen klipper snora saman med Divisjonsdirektør Margrethe Snekkerbakken i Avinor og konsernsjef Dag Falk-Pedersen. Foto: Hege Bjørkedal