Fire personar er lettare skadd, etter at rutebussen mellom Brattvåg og Moa har køyrt utfor vegen. Det opplyser vakthavande operasjonsleiar John Bratland i Sunnmøre politidistrikt.

Uhellet har skjedd på fylkesveg 661 eit lite stykke sør for Skodjebrua. Politiet er på staden, og ambulanse og brann er på veg, opplyste politiet klokka 10.47.

Erfaren sjåfør

Ifølgje Snorre F. Furberg, administrerande direktør i Nettbuss, er bussjåføren ein erfaren sjåfør. Han er ein av personane vart lettare skadd i ulukka.

- Han vart lagt i på sjukehuset med lettare skader etter ulukka, og det skal også vere status no, seier han til smp.no klokka 19.40.

Om årsaken til ulukka seier han at ein må vente til politiet har gjennomført etterforskinga.

- Eg kan ikkje kommentere om kva som er årsaka til ulukka, der må vi vente på etterforskinga frå politiet. Vi bistår no politiet, mellom anna med å gje dei teknisk informasjon om bussen, fortel han.

16 passasjerar

Ifølgje politiet skal bussen ha kome frå Brattvåg og køyrt av vegen, og deretter inn i ein bergvegg.

– Det var totalt 16 personar om bord i bussen, inkludert føraren. Fire av desse er skadd. Dei var bevisste, så vi har ikkje grunn til å tru at skadane er alvorlege, seier skadestadsleiar Arve Myklebust i politiet til smp.no.

Han seier det er for tidleg å seie noko om årsaka til ulykka.

– Vi ventar på at ulykkeskommisjonen skal få undersøkt åstaden.

Mange ambulansar

Smp.no sin reporter på staden sa at ambulansehelikopter, seks ambulansar, brannbilar og politibilar er på plass.

– Helsepersonell er inne i bussen, fortalde reporter Torbjørn Eidhammer.

Trafikken vart dirigert manuelt forbi ulykkesstaden.

Fleire hundre meter

Spor på staden viser at bussen har køyrt utfor vegen og følgd grøfta i to-tre hundre meter før den har treft fjellveggen på andre sida av vegen.

Ut frå spor på staden ser det ut som at bussen var utfor vegen også nærare Skodjebrua, eit stykke før den køyrde skikkeleg av vegen.

Klokka 16.43 melde Statens Vegvesen at vegen er opna for trafikk.

Foto: Staale Wattø
En person kjøres til sjukehus med ambulanse. Foto: Staale Wattø
Foto: Torbjørn Eidhammer
Spor viser at bussen først har vore utfor vegen på høgresida før den endte i fjellveggen. Foto: Staale Wattø
Her enda bussturen. Foto: Staale Wattø
Bussen har kjørt av vegen i en sving. Foto: Torbjørn Eidhammer