Ingen vitne skal ha sett det då ei jente på seks år fredag ettermiddag opplevde å bli trua på livet av ein vaksen mann.

Ifølgje familie til jenta har ho fortalt at mannen sa han skulle drepe henne, og at han heldt henne for munnen.

Jenta og faren var fredag på besøk på Skodje då dette skjedde.

– Eg høyrde at ho ropte og ropte tilbake, seier jenta sin far til Sunnmørsposten fredag kveld.

– Sjølv fekk eg ikkje sett mannen, seier han.

Vakthavande operasjonsleiar Per Martin Bjartan seier til Sunnmørsposten at dei så langt ikkje har gjort eit formelt avhøyr av henne sidan den fornærma er eit barn. Men dei har snakka med jenta og med familie.

Ber om tips

Bjartan seier vidare at dei meiner å vite kven gjerningsmannen er, og at dei har vore i kontakt med vedkomande.

– Vi undersøker saka vidare, og den blir følgd opp av politiet, seier Bjartan til Smp.no.

– Om det er nokon som har sett noko, må dei ta kontakt med politiet, seier Bjartan.