Årsaka var ein trailer som hamna på tvers og i grøfta på snøføret på Fylkesveg 656 mellom Valle og Magerholm.

Det var i 9-tida onsdag morgon at sjåføren mista kontrollen over kjøretyet, og dermed er det bom stopp for trafikken på staden.

Uhellet skjedde ved Nesrøra på veg frå Glomsetvågen mot Magerholmen, seier Sverre Undertun, som er på staden, til smp.no.

- Det er ikkje første gong dette skjer på denne strekninga. Vi opplever ofte slike uhell når det har kome snø, fortel han.

Frustrerte lokalfolk

Han og andre som ferdast i området, er bekymra for borna. Han får støtte av ein annan bebuar i området, som seier følgande til smp.no:

- Store vogntog skaper dagleg livsfarlige situasjonar, som gjer at folk på Glomset nesten ikkje tør bevege seg på hovedvegen.

- Den einaste løysinga er gangveg, eller at vegen blir sperra for denne type tungtrafikk, sier han.

Var stengd lenge

Vegen var stengd heilt til nærmare klokka 14 onsdag ettermiddag.

- Vegen mellom Magerholm og Valle er no åpna etter bilberginga, opplyste operasjonsleiar Leif Arne Valderhaug ved Sunnmøre politidistrikt like før klokka 14.

Sjekk vegmeldingar: Oppdatert status for vegane i Møre og Romsdal

Sjekk vegmeldingar: Oppdatert status for vegane i Sogn og Fjordane