Under visitasjon i Skodje, vitja fungerande biskop Øystein Bjørdal og hans folk næringsområdet ved Digernesskiftet.

Følg smp.no på Facebook

– Vi var der same dagen som det vart kjent at Ikea ønskjer seg til Moa. Eg trur alle i biskopens følgje der og då var samde i at dette høyrdest ikkje bra ut, verken av miljømessige eller estetiske grunnar, tett attmed den særprega Spjelkavikkyrkja og ein tiltenkt urnelund der, skriv han  i visitasmeldinga.

Les også: Ikea vil til MoaLes også: Frykter Ikea kommer foran fotball

Bjørdal meiner Digernesskiftet i Skodje er mykje betre eigna.

– Her er det stor og god plass til mykje, skriv han vidare.

Biskopen er godt kjent i Skodje, og han har stor sans for den gamle og den nye Skodjebrua som bind folk saman.

Engasjementet i Voi er også eit døme på ein kommune som bryr seg om andre og vil byggje bru mellom folk. Han oppmoda Skodje om å tilsetje diakon, ei stilling som ofte utløyser eit stor frivillig engasjement.

Les flere nyheter fra Ålesund og omland på smp.no

Fungerande biskop Øystein Bjørdal i Møre går imot at Spjelkavik kyrkje får Ikea som nabo. Han går inn for Digernesskiftet.