Fredag vende han siste bladet. Då flyplassen på Vigra vart åpna i 1958, var det «Smej-Bjarne», Bjarne Roald, som fekk anbodet på å levere drivstoff til flya.

«Smej-karane»

Og slik har det blitt. Drivstoffleveransen har vore «Smej-karane» sitt gebet sidan. Aksel Roald, som fredag hadde sin siste arbeidsdag, er son til Bjarne.

– Men no er det slutt. No er det eit firma utanfrå som skal stå for flydrivstoffet, fortel Aksel.

Sjølv har han ei unik historie.

– Eg var der då flyplassen åpna. Min første offisielle arbeidsdag her var i 1971, men vi juksa no litt med det før også.

Følgsmp.no på Facebook

Familegreie

For fylling av drivstoff på fly vart ei familiegreie for Bjarne og Aksel. Dei var alltid på vakt.

Antan det var å bli henta frå dans eller høgtid. Skulle eit fly ha drivstoff - ja, så var det viktigst.

– Den første tida gjorde vi det litt annaleis enn i dag. Vi fekk drivstoffet med båt til Roald. Der tappa vi det over på ein 3.000 liters tank oppe på ein lastebil og køyrde det til flyplassen der vi hadde nokre nedgravne vindunkar vi brukte til lager, fortel Aksel Roald.

Vindunkar

– Vindunkane kom nokre tyskarane med under krigen. Dei hadde stole dei i Nederland. Dette var hivens til tankar. Emaljerte innvendig og greier. Men det måtte mange turar frå Roald med lastebil til.

Moderne tider og nye fly kravde nytt drivstoff. Det var ikkje alltid like lett å ha alt som det var trong om.

Lesflere nyheter fra Ålesund og omland på smp.no

Jerrykanne

– Eg veit at far min ein gong fylte opp eit fly med 3000 liter bensin med å bruke jerrykanne og trekt.

Den kvardagen Aksel Roald no forlet, er ein heilt anna.

– I fjor leverte eg 13,5 millioner liter drivstoff. Vi må vere på plass nesten heile døgnet. Men prinsippet er akkurat det samme. Det viktigste er at flya får det dei skal ha.

Dei tyske vindunkane er framleis på flyplassen, men jerrykannene tek «Smej-Akse»l med seg ned igjen til Roald. Ein veit aldri kva som kan trengs.