Kleven Verft i Ulsteinvik har inngått si første kontrakt med eit selskap i Søraust-Asia.

- Vi er svært glade for å kunne offentleggjere vår første nybyggingskontrakt med ein kunde frå Søraust-Asia. Dette viser at vi er konkurransedyktige globalt basert på vår kvalitet, leveringspresisjon og pris, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven.

Skip til Malaysia

Det Malaysia-baserte joint venture-selskapet IES Pioneer Ltd har tinga multifunksjonsfartøyet av typen MT 6015.

Fartøyet blir 93 meter langt, 20 meter breitt og har over 1000 kvadratmeter dekksareal.

Blant utstyret inngår mellom anna ei 150 tonns aktiv hiv-kompensert offshorekran, helikopterdekk, brannsløkkingsutstyr samt at fartøyet vert klargjort for operasjonar med fjernstyrte undervannsfarkostar (ROV), opplyser Kleven i ei pressemelding.

Det vil bli ei innreiing til 60 personar.

Til oljeindustrien

MT-designet som no blir levert har lang erfaring frå arbeid i Nordsjøen.

- Det er venta at fartøyet vert kontrahert av olje- og gasselskap som opererer på dei nyoppdaga og svært djupe olje- og gass-felta i Asia og Midt-Austen, skriv selskapet.

Levering er sett til september 2015. Kontrakten inneheld også opsjon på ytterlegare eit fartøy.