ifølgje Bergens Tidende kostar det 1163 kroner per passasjer kvar gong det lettar eit fly frå Sandane lufthamn på Anda i Gloppen.

Tala kjem fram i ein oversikt som Transportøkonomisk Institutt og Møreforskning har utarbeidd for Samferdsledepartementet.

Støtta har auka

I rapporten kjem det også fram at Sandane lufthamn er den nest mest subsidierte flyplassen i landet og at støttebeløpet på fire år har auka frå 851 til 1163 kroner. Berre Fagernes har meir subsidiar, med 3.290 kroner per passasjer.

Til samanlikning er kvar billett frå Sogndal subsidiert med 329 kroner, Førde 169 og Ørsta/Volda 279 kroner per billett - ein auke frå 221 på fire år. Flyplassen i Florø fekk i fjor null kroner i statleg støtte, ifølgje Bergens Tidende.

Nær Ørsta/Volda

Fylkesleiar Frank Willy Djuvik i Sogn og Fjordane seier til avisa at han meiner to flyplassar i fylket er meir enn nok. Han vil satse på Florø og Sogndal. Sandane ligg etter Djuvik sitt syn så nær Ørsta/Volda at det ikkje skal så mykje betre vegar til før dei i Nordfjord totalt sett kan få eit betre tilbod ved å flyge frå Vigra.

Gloppen-ordførar Anders Ryssdal er uroa for situasjonen, ifølgje Bergens Tidende, men han meiner det er meir naturleg å legge ned flyplassen anten i Florø eller Førde viss det først skal gjerast endring. Han nemner også at det ikkje er så langt til Vigra frå Ørsta/Volda, medan Sandane har lang veg til dei fleste flyplassane.