Byggefirmaet Mesterhus Sunnmøre - Tømrerservice AS  Volda og maskinentreprenør Aurvoll og Furesund AS i Fosnavåg fekk 25.000 kroner kvar i bot for å ha grave ei 19 meter lang grøft på Hjelmeset i Herøy.

Kulturavdelinga i fylkeskommunen, og politiet, meinte det var grave i eit område som er freda etter kulturminnelova - eit 4000 år gammalt busetnadsområde.

Selskapa nekta å betale bota og saka hamna i Søre Sunnmøre tingrett.

Kravde erstatning

I retten var påstanden at dei to selskapa måtte betale 30.000 kroner kvar i bot. Universitetet i Bergen kravde også erstatning på nær ein halv million kroner, til utgifter med naudutgraving.

Men no har Søre Sunnmøre tingrett kome til at det ikkje er sannsynleggjort at gravinga føregjekk inne på det freda område. Retten finn det heller ikkje sannsynleggjort at grøfta medførte at det oppstod fare for skade på det freda området.

Får dekt sakskostnader

Retten har også vurdert om det var fare for skade på kulturminnet ved at det blei køyrt gravemaskin over det freda området og lagra masse på overflata. Det blei nytta 13 tonns gravemaskin til arbeidet, men dette er ein maskin av same storleik som firmaet ofte nyttar ved oppdrag for arkeologar.

Retten viser til at aktiviteten blei utført med varsemd av eit firma som har erfaring med arkeologisk arbeid og at handlinga ikkje er i strid med kulturminnelova.

Ikkje aktlaust

Begge selskapa er frifunne. Dei slepp også å betale erstatning, men får dekt sakskostnadene sine.

I dommen blir det også understreka at det ikkje er handla aktlaust. Det blir vist til at Mesterhus tok kontakt med ansvarleg arkeolog i fylkeskommunen før gravinga starta. Vidare blei planane presentert for Herøy kommune. Ingen av dei reagerte, og arbeidet blei gjennomført på ein forsvarleg måte, heiter det i dommen.