Sandvik Møbler AS på Håvoll i Ørsta er konkurs. Det var eigarane som sjølv bad om oppbod.

– Det var ingen tilsette i bedrifta ved konkursopninga. Dei vart tidlegare overført til Furnia AS, som gjekk konkurs i sommar. Konkursen i Sandvik kjem som ein konsekvens av konkursen i Furnia, seier advokat Bjarte Reidar Aambø, som er oppnemnd som bustyrar.

I oppbodsmeldinga til tingretten står det at det er verdiar i buet, eit varelager, for åtte millionar kroner, samt at det er patentrettar.Gjelda er oppgjeve til å vere knappe 13 millionar kroner.

Sandvik Møbler sin bank, SpareBank1 SMN, er den største kreditoren.

Bygget er skild ut som eit eige selskap, og blir ikkje berørt av konkursen, opplyser Aambø.Det er tillyst skiftesamling 6. oktober på tinghuset i Ålesund.