Det er ei frustrert småbarnsmor Sunnmørsposten møter i Ulsteinvik. I dag skulle eigentleg heile familien på fem reise på badeferie til Tyrkia, men det er berre eit problem. Eldste guten kan ikkje vere med. Han har ikkje pass.

– Vi får ikkje refundert reisa, så eg og faren reiser, mens barna blir heime. Vi kunne ikkje reise med berre to av dei og la sistemann bli att heime. Så no skal vi til eit fantastisk badehotell vi hadde booka for ungane. Sjølvsagt blir det koseleg, men det var ikkje dette vi hadde sett føre oss. Eldstemann føler at det er han si skuld at han er svensk.

Lovendring

Svenske Jenny Sundholm flytta til Norge i 1999. Her fekk ho sonen Elay i 2006 med ein norsk mann. Seinare fekk dei to barn i 2009 og 2014.

Overraskinga var stor då familien troppa opp på politistasjonen i Ulsteinvik 18. august for å få pass til barna. Her oppdaga dei plutseleg at sonen på 8 år var svensk, medan dei to andre var norsk.

– Dei sa at Elay (8) automatisk blei svensk sidan eg som mor er svensk, seier Sundholm.

Elay er fødd i Norge, har norsk far, personnummer, og på fødselsattesten står det ingenting om at guten er svensk.

Før ei lovendring 1. september 2006 var det slik at barn fekk same statsborgarskap som mora, om ho ikkje var gift. Barn født etter september 2006 er derimot norsk om ein av foreldra er norsk. Derfor er dei to andre barna norske.

– Hadde Elay vore fødd to månader seinare ville han vore norsk, seier mora.

Statslaus

Men problema stoppa ikkje der. Sundholm har vore i kontakt med politiet, UDI og svenske myndigheiter.

– Svenskane kan ikkje finne Elay i sine register. Dei sa at han ikkje er svensk og at her må det ha skjedd ei tabbe, før dei ønska meg lykke til, seier mora.

Sundholm har forstått det slik at Elay må søke om å bli norsk borgar. Men heller ikkje det er enkelt, når han ikkje ein gong er svensk.

– Eg har fått høyre at han må levere inn pass og utmeldingspapir frå Sverige, og sei opp statsborgarskapet sitt der, seier Sundholm. Ifølgje ho er problemet at guten ikkje får svenske papir om han ikkje blir svensk borgar først.

– Kva i all verda skal eg gjere? spør mora. Ho synest at det er heilt utruleg at familien i 8 år har trudd at sonen var norsk.

– No skuldar berre alle på alle.

– Løysinga

Både UDI og Barne- og likestillingsdepartementet bekreftar overfor Sunnmørsposten at Sundholm har forstått lovendringa i 2006 korrekt.

Ingegerd Widell ved det svenske Skatteverket bekreftar òg at Elay ikkje er registrert i Sverige.

– Vi registrerer berre barn fødd i Sverige. Familien må kontakte den svenske ambassaden i Oslo, seier Widell.

Kjetil Jacobsen i UDI, har derimot eit enklare forslag. Han seier at det ikkje er heilt uvanleg at barn som er fødd med ei svensk mor i Norge, ikkje er registrert i Sverige.

– Det er ikkje rart at ein derfor trur at barnet er norsk. Barn fødd før lovendringa kan likevel meldast norsk. Eg anbefaler å gå til det lokale politikontoret og bruke ei såkalla fedremelding. Vilkåra er at faren var norsk då barnet var fødd, og at begge foreldra er samde, seier Jacobsen.

Då treng ikkje prosessen for å bli norsk borgar ta lang tid.

– Eg vil anslå ein månads tid, enkelte gonger raskare, seier Jacobsen.

Ifølgje Sundholm har ho prøvd dette, og seier ho er like langt når politiet krev eit pass for å levere denne meldinga.

Elay (8) har pakka kofferten, men utan pass kjem han seg ikkje på tur. Foto: June R. Johansen