Tysdag klokka 13 set Norges Sildesalgslag og Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening seg til forhandlingsbordet. Representatar for begge partar seier til Sunnmørsposten at dei håper dei i løpet av dagen kan bli einige om minsteprisen på årets makrell.

Inntil vidare er det full stopp i makrellfisket for mange. Fredag varsla Fosnavåg Pelagic inntaksstopp. Norway Pelagic i Kalvåg i Bremanger uttalar at dei er svært forsiktig med å ta inn markell.

For sjarkfiskarar og den kystnære flåten er dette svært beklageleg, seier leiar Arve Myklebust i Herøy Fiskarlag.

- Dei mistar ei heil veke av fisket. Samtidig seier fleire av fiskarane at det er tidleg i sesongen, og at dei store mengdene ikkje har kome til kysten enno. Det er observert bra med markell i Norskehavet, seier Myklebust til Sunnmørsposten.

For dei store havgåande båtane ser Myklebust meir positivt på det. Her hastar det ikkje, og fisket brukar å starte for alvor rundt 20. september.

Eit spenningsmoment er om makrellen, som er på veg sørover i Norskehavet, kjem innom norsk sone.

- Det spørs kor tilgjengeleg makrellen blir i norsk sone. I fjor var det veldig positiv utvikling i vandringsmønsteret. Mykje makrell vart tatt på Vikingbanken, seier Myklebust og håper det same skjer i år.

Ingen av forhandlingspartane, Norges Sildesalgslag og Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening (FHL), er tilgjengeleg for kommentar i forkant av forhandlingane som startar klokka 13. Representatar for begge partar seier dei håper dei blir einige raskt eller i løpet av dagen, ut over det held dei korta tett til brystet.

For den storleiken dorgarane har fiska fram til no, på 300-350 gram, har prisen vore rundt fem kroner kiloen, skriv Fiskeribladet Fiskaren. Ringnotbåten Gunnar Langva fekk for ei veke sidan levert til seks kroner kiloen, etter det Sunnmørsposten erfarer.

- Eg er veldig skuffa over at leiinga i Sildelaget ikkje eingong ville diskutere vårt forslag, som er 1,50 øre ned på minsteprisen, seier Harald Sperre i Fosnavaag Pelagic, som representerer FHL, til Fiskeribladet Fiskaren.