I år er Sunnmørsalpane arena for den årlege øvinga til Norske alpine redningsgrupper. I helga deltar 75 klatrarar frå åtte norske redningsgrupper på ulike scenario der folk må bli berga frå bratt terreng.

– På denne øvinga får vi knytt ulike redningsprosedyrar saman på tvers av dei ulike gruppene, seier øvingssjef Åsmund Vaage, som høyrer til Sunnmøre alpine redningsgruppe.

Juvberging

For å øve er viktig. Det meiner Jakob Fink frå Langfjella alpine redningsgruppe, som har base på Rjukan. I dag var han redningsmann då det skulle hentast opp ei dukke frå eit juv ved Finnes inst i Hjørundfjorden.

To statiske klatretau var spent over Bakkedalselva. Deretter vart tauet med redningsmannen slakka og ført ned til den trengande i juvet.

– I Rjukan har vi mykje juv, og mykje isklatrarar som treng hjelp. Eg har aldri prøvd denne metoden før, så dette var svært nyttig for meg å trene på, seier Fink, då øvinga var gjennomført.

Førstehjelp i fjellveggen

Store deler av Ørsta og Volda er tatt i bruk under øvinga denne helga. Ved Hjartåberget var det førstehjelp i fjellveggen som stod på programmet.

To mann vart fira ned med båre til ein markør som fekk førstehjelp og vart heisa opp att.  På Regndalsbreen ved Hjelledalstindane var det øva på å hente folk opp frå bresprekkar. Ved Sætretindane var redningshelikoptera frå 330-skvadronen i sving med å hente ned fjellfolk på ulike måtar.