Måndag ved 11.35-tida kom det melding om brann ved Hareid ungdomsskule. Det var Vikebladet som meldte om saka først. Alle naudetatane og mellom anna to ambulansar rykka ut til staden.

Ingen personar kom til skade, men elevar og tilsette blei evakuert. Lærarar på skulen sløkte brannane før naudetatane kom til staden.

Følg smp.no på Facebook

- Påtent

Ifølgje operasjonsleiar Trygve Ødegård ved Sunnmøre politidistrikt er det påtent papir i to forskjelllige bossbøtter. Desse er plassert på toalett om lag 50 meter ifrå kvarandre. Det gjer at politiet meiner brannane er påsett.

Politiet iverksette straksetterforsking for å finne fram til kven som kan stå bak ugjeringa. Politiet gjorde seg ferdig med arbeidet på staden utpå ettermiidagen, men skal ha fått fleire tips om saka.

– Skremmande

– Det er skremmande at noko slikt kan skje. Hendinga skjedde i eit friminutt, seier rektor Siv Marit Røyset Kaldhol til smp.no.

Samstundes har skuleleiinga hatt ei felles samling med elevane, kor det blei understreka alvoret i det som skjedde.Ifølgje rektoren blei elevane tekne inn att ved 13-tida.

Ifølgje Røyset Kaldhol skal ho ikkje vere kjent med likande episodar i forkant av brannane.

Både tilsette og elever fortel at dei opplevde evakueringa som udramatisk, og at den gjekk etter planen.

Les fleire nyheiter frå Søre og Nordfjord på smp.no

En del røyk

Operatør Paul Ola Vestre ved 110-sentralen i Møre og Romsdal var tidleg ute med beskjed om at brannen var avgrensa til bossbøtter på skulen.

– Det er ein del røyk på staden, sa Vestre til smp.no.

Det skal i liten grad ha vore open eld.

– Det er nok ikkje noko skadar på bygget, sa Vestre og la til at bygget måtte luftast ut skikkeleg.

Brannane som starta i desse to bossbøttene, var truleg påsett meiner politiet. Foto: MMS-tips 95 400 400