På oppstartssamlinga for kommunereforma i Møre og Romsdal var også såkalla «randkommunar» inviterte, og Morten Hagen, ordførar i Vågsøy, Ottar Nygård, ordførar i Selje og Alfred Bjørlo, ordførar i Eid, lot seg gjerne invitere.

- Det er naturlege samband over fylkesgrensa og nordover langs heile Nordfjord, seier dei.

Utelet ingenting

I Vågsøy har eit samla formannskap invitert kommunar frå Vanylven i nord til Florø i sør til å tenke i lag om kommunestruktur. Medan verken Selje eller Eid har sagt noko konkret om samarbeidspartnerar.

- Vi ser i alle retningar, nord, sør og aust, og utelet ingenting, seier Ottar Nygård, ordførar i Selje.

Alle dei tre ser på fylkesgrensa som ein bremsekloss innan saker som helse, kollektivtrafikk og arealplanlegging.

- Så vi må bygge alliansar over fylkesgrensene.

Alfred Bjørlo peikar på at frå Eid er det like langt – eller kort – til Volda og Ørsta som det er til Måløy, Sandane eller Stryn. Og Ottar Nygård tek fram at oppdraget no er å tenke 40-50 år fram i tid, og då vil mellom anna kommunikasjonane vere heilt annleis.

- Det vil gjere det mykje lettare også med samhandling.

Meir å hente på Sunnmøre

Nordfjordordføraren verkar trygge på at sunnmøringar og nordfjordingar kan trivest godt i lag.

- Ja, her er mange band mellom Nordfjord og Sunnmøre.

Næringsliv er eitt av dei. Ottar Nygård seier at for å utvikle ein god arbeidsmarknad, så vil det vere ein stor fordel med større kommunar.

- Og for næringslivet så trur eg vi vil hente større fordelar med å sjå nordover enn sørover.

Ser også mot Nordfjord

Sunnmørsordførarar er heller ikkje framande for å sjå sørover. Tidlegare har det kome fram at det har vore uformell kontakt mellom Ørsta og Volda og sør om fylkesgrensa.

På oppstartsmøtet for kommunereforma i Molde onsdag, sa ordførar i Stranda, Jan Ove Tryggestad at dei ser mot Norddal, Stordal og kanskje Sykkylven.

- Men eg er heller ikkje framand for at Stranda kan verte slått saman med kommunar i Nordfjord.

Då har han  først og fremst Stryn og Hornindal i tankane.